Flytande badstove med utsikt rett ut over Kerringhavet, og sjøen eit steg unna når du vil kjøle deg ned.
Book på nett, få ein kode på SMS, og lås deg inn sjølv. Badstova er alltid forvarma til du kjem.
Badstova er eigd av IL Øyglimt, og overskotet går rett til laget på øya.
Det er noko eige med å sitje i ei varm badstove medan sjøen ligg blank utanfor. Øyane Sauna har plass til opp til 10 personar, så du kan ta med heile gjengen, familien eller nokre gode vener. Ut i det kalde, inn i varmen att, og tid til å prate mellom slaga. Dette er lågterskel i ordet si beste meining, ope for alle som vil ha ei god stund ved sjøen.


Og bygd som ein del av eit større løft på kaien i Øyane.